

|
Barekstad, på øya Hovden, er ei lite kjent perle, som ligg mot ope hav på vestlandet i Flora kommune. Barekstad har ein stor, barsk natur, i eit fredleg og reint miljø.
|
|
Barekstad har mange gode tilbod til dei som kjem på besøk, framfor alt når det gjeld friluftsliv. Det er mykje fjell på øya Hovden som gjer den perfekt for foturar, og ein tursti som tek ein med over fjellet, der ein har utsikt til både skjergarden og ope hav, og ikkje skjeldan er hjorten og eit fast innsalg på turen.
|
|
Utan om fjellturar kan øya tiby mykje til dei som likar fisking. Ein finn store fiske vatn, og sjølvsagt er det gode tilbod til dei som føretrekk havbåra og måseskrik. Barekstad er og ein skatt for dei som kan tenke seg eit fyr- eller leirholebesøk, eller vil sjå dyr og fuglar. Øya er verkeleg verdt eit besøk. Viss det skulle vise seg at du er samd med oss som bur her i at stort betre kan ein ikkje bu så er du meir enn gjerne velkommen. Folket her ute kan til og med love gratis tomtar til dei som skulle vere interesserte. Vil du vete meir om korleis vi leve her i havgapet, sjå korleis livet i Barekstad er.
|
|
Det er gode forbindelsar til Florø og fastlandet. På kvardagar går det 5-6 båtruter. Båtturen tek omlag 30 min, og undervegs kan ein nyte skjergarden. Det er og moglegheitar for overnatting på øya. Elles kan Barekstad by på ein spanande historie, og ein eigen song
|