
| Velkommen til ein barsk og vakker
natur opplevelse. Her finn ein nakne fjell, klare vatn med blank ørret og
lange svaberg bada i den raude solnedgongen. Ein stor naturopplevelse. Dette
er noko av det Barekstad,på øya Hovden, nord for Florø, har å by på.
|
| Det er mykje fjell på øya, store og små.
Ein perfekt plass for dagsturar, og lengre turar. Det høgaste fjellet
er Skorakinn, 310 moh. ( Bakerst på bilete over) Frå Skorakinn har ein
utsikt mot Nordsjøen og ope hav, i vest.
|
| Vemannsrøysa er eit spesielt fjell, ein finn ei røys på
toppen. Vemannsrøysa har fått sitt namn frå han som skal vere begravd i
røysa. Frå Vemannsrøysa ser ein utover Gåsevatnet, som er digert, blankt og
har mykje hoppande ørret. Det går ein
tursti
frå Barekstad og over øya til Hovdevåg. Stien startar ikkje langt frå kaia, og ender ved fyret
Kvanhovden. Dette er ein flott familietur.
|
| Kavhovden er eit gamalt fyr, i ein mektig
natur. Kvanhovden fyr ligg som ein voktar mot den harde sjøen, og har leia
mange skip trygt forbi. På Kvanhovden har bølgjer og naturkrefter
slipt dei dei vulkanske fjella og steinane i årtusen. Noko som har gjeve
landskapet her ute eit eineståande særpreg. Fyret kan og skryte av å liggje
i konglomeratbeltet som strekk seg inn til Hyenfjorden. Like ved fyret finn
ein ei djup hule med leire i. Der redde mennesker skulle ha gjemt seg under
naud og krig. Det er og overnattings-moglegheitar på fyret.
|
| Barekstad byr på eit godt og variert tilbod
for fiskarar. Ein skal ikkje langt fra kai, før fisken bit. Fisking har vore
eit av dei store næringsvegane på øya tidlegare. For dei som liker fisking
frå land er det mange fine fiske plassar, på svaberga der bøgjene slår
innover. Ein finn alle dei vanlege saltvatnsfiskane, frå lyr til steinbit.
Det er og ein bestand av skalldyr, det er mykje krabbe å få. Bilete viser
fangsten etter ein fisketur i november 1998. Den største hummaren veg 4,2
kg. Gåsevatnet ligg midt på øya, det er over 1km langt, og har god
ørret. Det har og vore fiska ål i dette vatnet.
|
| Magfoldet i fuglelivet på øya er stort. På
nordsida av øya ved Hovden, ligg norges sørligaste fuglefjell. Her kjem
flokkar med fuglar for å hekke, eit av dei litt sjeldnare fuglane er
lundefugl. Rovfuglane er sterkt representert med ørn, hauk og ugle. Skarv,
gås og orrfugl er noko av dei andre fuglane. Bestanden av måker er stor og
kvar vår kjem tusenvis av hekkkande måker til øya.
|
|
Dyrelivet er også variert. Eit av dyra ein finn på øya er
hjort, som blir jakta på kvar haust. Oter, mink og røyskatt, er nokre av
dei mindre dyra ein kan finne. For å kome til Barekstad må ein ta ritebåten frå Forø. Den har fem anløp i Barekstad på kvardagar. Turen tek omlag ein halvtime, avhengig av kva rute ein vil følge |