
|
Du lurer kanskje på kva som får folk til å busette seg, og stortrivast ute på ein liten plass på ei øy i havgapet? Det er mange svar på dette spørsmålet. Rett utanfor døra har vi alt det vi kan trenge av naturopplevingar, som ørnen som flyg like over hustaket og hjorten som et på marka ved huset. Landskapet på øya er også heilt fabelaktig. Barekstad er like vakker om sommaren bada i solskin, som den er i haustdrakt, og sjølv den hardaste vinteren her har sin sjarm. Elles er her nok av ro og stillheit, men også mykje menneskeleg varme. på øya er vdet omlag 60 innbyggjarar, som alle tek vare på kvarandre. Dette er noko som har forsvunne i dei fleste store samfunn i dag, og som vi set stor pris på å vere ein del av.
|
|
Rutebåtkaia er det viktigaste knutepunktet på øya. Kvar morgon og ettermiddag kjem vaksne og barn saman på veg til skule, arbeid eller til Florø for å handle. Elevar i barneskule alder går på den koselege skulen på Årebrot, som ligg ein kort båtttur unna. Dei eldre ungane går på skule i Florø.
|
|
I 2001 fekk det gamle sildemottaket/fabrikken nytt liv, og Barekstad fekk eit not vaske- og bøteri, med eit par arbeidsplassar. Fiskebåten Skjongholm held og til i Barekstad, og har 9 arbeidsplassar. Elles er det nokre tilsett i fiskeri, post, som vegvoktar og som heimehjelp. Størstedelen av dei vaksene pendlar likevel til Florø.
|

|
Folket på øya prøver å skape eit endå beitre samhald i bygda gjennom felles aktivitetar. Anna kvar laurdag held nederlendarane laurdagskafè i grendahuset, med sal av kaker, kaffi og brus. Ved alle store anledingar som t.d nyttårsaftan er det samling i grendahuset. Nyttårsaftan 2003 hadde vi nederlandsk nyttårsfest med olje-boller og playback-show, som var fantastisk morosamt. 17.mai mobiliserar heile bygda til 17.mai tog, etterfølgt av sekkelaup, tautrekking og mange andre aktivitetar. To gongar i året held vi basar, der gjevergleda må honorerast. Sjølvsagt held vi og den tradisjonelle sommar-dansen i hevd. Utover dette har vi aktivitetar som sanitetsforeining, trimgruppe, trim for dei eldre, julemesse, line dance oppvising og loppemarknad. |
|
Barekstad er ein fantastisk stad for barn å vekse opp. Her er det store friområder, og godt med plass å tumle på. Fleire av dei nederlandske familiane som har flytta hit, har vorte overraska over korleis ungane har utvikla seg etter at dei kom til Barekstad. Ungar som berre satt inne i Nederland er no full av liv, og vil anten det regnar og bles eller om sola skin. Framfor alt er det ein trygg plass, der alle tek vare på kvarandre. Ein slepp også unna storby livet sine farer som trafikk, luftforureining og kriminalitet. Ein lærer mykje om naturen og dyrelivet ved å bu på ein plass som Barekstad. Dessutan er skulen liten, og lærarane har tid til alle elevane.
|
|
Dei siste åra har bygdefolket gjort ein enorm innsats for å skaffe nye innbyggjarar. Vi har prøvd med artiklar i dei store norske avisene og internett sider. Det som viste seg å vere ein suksess var derimot å få ein artikkel skriven i ei nederlandsk avis. Responsen til denne reportasjen var mildt sagt enorm. I tettbebygde Nederland visste ein å sette pris på det liv vi lever i Barekstad. "Nederland-prosjektet" enda med at bygdefolket på dugnad fekk sett opp to bueinheitar som nye familiar kunne få prøvebu i. Nederlandarane var eit kjærkome bidrag til vårt allereire fargerike fellesskap, som idag har folk frå 5 ulike land, og 3 verdsdelar. Vi er fortsatt like intressert i å få nye innbyggjarar, og alle er meir enn hjarteleg velkommne. Som eit ledd i å få meir folk til øya er det lagt ut eit felt med gratis tomtar. |