GRATIS TOMTAR

 

 

Dei siste åra har Barekstad hatt ei positiv utvikling, og fleire nederlandske familiar har flytta til. Dei har alle sett pris på den store fridommen, den mangfoldige naturen, verdiane til lokalbefolkinga og livet i Barekstad. Lokalbefolkinga i Barekstad vil gjerne få fleire arbeidsplassar på øya, og er veldig interessert i å få nye folk med nye idear til øya.  Vi er og veldig interesserte i barnefamiliar og alle andre som vil bu her.

 

 

 

 

Som eit tiltak til å få nye innbyggarar til øya, har grunneigarane gått inn for å legge ut eit felles område på 70 mål til gratis tomtar. Tomtane får ein gratis dersom dei skal nyttast til bustadsbygging, og dei ikkje er større enn  eit mål. Utover det eine målet må ein nok betale litt. Fleire grunneigarar kan utanom tilby rimlege tomtar på eiga mark. Vil du vete meir, eller er interessert i å kome til Barekstad?   Kontakt oss på mail