

|
Turstien tek deg over flotte fjell og forbi mystiske røyser. Ein skal ikkje gå langt før ein får ei storslått utsikt, og ser utover heile øygarden og langt innover fastlandet. Ofte er det hjort å treffe på nært hald, og ørn som svevar i det blå. |
|
Turstien passar godt for alle, og skal ein heile vegen til Kvanhovden tek turen 2,5 til 3 timar, ein veg. Turstien startar ved Barekstadtun, som er det gamle skulehuset i Barekstad. Den første etappa er frå Barekstadtun til Vemannnsrøysa. Vemannnsrøysa er namnet på ein topp på 264 meter. Namnet har toppen fått etter den uforklarelege røysa ein finn der. Her skal ein høvding med namn Vemann vore lagt i røys. Den fine utsikta gjer det vel verdt å ta ein pause på rasteplassen her. Etter Vemannsrøysa går turen vidare gjennom eit flatt område til Vereskaret, kor nedstiginga mot Storeskaret startar
|

|
Når ein har kome ned Storeskaret kjem ein til rasteplassen i Sildevågen, som har fått namnet sitt etter all silda som var fiska her. Her delar stien seg i to, den eine delen går mot Hovdevåg, og ned til vegen, som ein kan følgje sørover til Barekstad. Den andre ruta går langs stranda ut mot Kvanhovden fyr. Her finn ein eit sært landskap, som er forma av det opne havet gjennom mange hundre år. På Kvanhovden finn ein og ei leirhole. Den var tilfluktsstad for folk i naud under krigen. Det er dessutan eit sagn om denne hola. Ein hund skal ein gong gått inn i denne hola. Den skulle ha kome ut lenge etterpå på ei av dei andre øyene i kommunen, men då utan eit einaste hår. Frå Kvanhovden går ein nnover mot Sildevågen igjen, og anten går stien tilbake over fjellet, eller vidare til Hovdevåg og vegen til Barekstad. |